Året 2012 har vore eit travelt år.

Tidleg på året kjøpte vi tilbake Gryta Lyngs Eros som vi selde to år tidligare. Vi vart kjende med Lara. Og Lara var med på å gjere det gøy å drive med hest etter gammalt. Fekk til og med ridd nokre fine økter.

Ryggen min gjorde til at eg måtte tenkje nytt med tanke på vidare gardsdrift. Og etter mange rundar med NAV og helsevesenet var det ingen assistanse å få der. Så det vart etablerarkurs i staden. Og planane for garden er i stadig utvikling.

105 flotte lamm kom til verden. Og det må seiast å ha vore ein god beitesesong med lite tap og sjukdomm. Noke er det alltid det er ikkje til å komme unna. Vektene derimot var litt lågare i år enn i fjor.

Vi fekk to flotte føll. Grytas Amanda eit raudt hoppeføll etter Amandus fra Steinsrud og Grytas Chess. Og Grytas Leopold eit svart hoppeføll med stjerne etter Amandus fra Steinsrud og Grytas Betty. Kjempefornøgd med begge følla.

Vi leverte tilbake Amandus etter å ha hat han her eit år. Amandus avlar kanonflotte føll så er glad vi fekk mogelegheita å bruke han.

Silje gifta seg og eg fekk æra av å vere forlover. Silje var så flott som brud og dei verkar som eit lukkeleg paar.

Forhaustinga var heilt optimal og vi fekk tørr både slåtten og håa. Og masse godt tørrhøy fekk vi og.

Vi fekk låne den flotte shettishingsten Ødegaardens Future til Betty og Bine. Og Lollie var til Zaspel aus Waat. Så potensielt vert det tre shettisføll neste år. I tillegg får vi eit føll etter Sjåvoll Gaia og Vest Trym og så eit bestillings nl føll neste år om alt går bra.

Sjåvoll Gaia og Gryta Lyngs Eros er begge selde til gode folk. Det viktigste når en driv med dyr.

Tragisk i år er at kattane våre Grisabella og Teigen og kattane til far min forsvant sporlaust på våren. Har leita etter kattane til far min overalt. Og Grisabella og Teigen er sårt sakna. Dei var ein viktig del av garden. Goldmund holdt på å stryke med fleire gongar. Heldigvis klarte Goldmond mot alle ods å bli heilt bra. Så fekk vi to flotte kattungar. Og dessverre klarte eg å køyre på den eine. Eller eg køyrde og kattungen må ha sete under bilen og prøvd å hoppe av. Så fekk vi ein kattunge til. Og no er Jess og Annbjørg blitt stallkattar på garden. I tillegg er det nokre ungkattar bortom garden som får litt mat av og til. Dei er flotte om en veldig sky.

Eg og Silje feira 30 og 30 års dag. Det var kjempegøy og vi samla masse venner og familie av meg og Silje.

Vi fekk låne oss ein liten fjordfe okse som gjekk med kvigene og mest sansynlig er Litago drektig. Flatlandsrosa har vi inseminert to gangar no så kanskje er ho og drektig det hadde vore flott.

Vi har fått oss to dexter kvigekalvar. Og dei er vi alt kjempeglade i.

Vi mista fleire gode sauevenner i løpet av året. Lotte-Lina, Knerty, Tunhjarte og Fantasia må nevnast. I tillegg til to lamm. Og alle dei som vart slakta. Blir meir og meir imot slakting.

Vi fekk oss ein ny liten shettishingst og i år. Egentlig skulle han berre gå på beite her Svarten. Og så fekk vi tilbod om å overta Svarten. Så no spørs det om det blir avlshingst av han med tida.

Betty og Fiona var på hoppeskue. Betty fekk ein flott 3.pr. medan Fiona fekk Gkj premie med ei god tømmekøyringsprøve.

På værekåringa gjekk det bra. 5 av 7 værlamm kåra. 2 fekk kvalitetssløyfe og Boyadino fekk 1.pr. Viktoria og ST stilte Boyadino og Viktoria var kjempe stolt då han vart kåra. ST og bestefar kjøpte og eit villsauværlamm til ho på kåringa så no skal vi avle villsau og. Ho og bestefar er flinke å vere med så det er bra. Vi hadde og med 5 voksne værar og derav fekk 4 2.pr. og 1 1.pr.

Vi var to veker i Tyskland i sommar. Deilig å vere i Tyskland litt etter gammalt.

Vi var på Stall Break of Dawn og fekk sjå masse flotte ponniar. Stall Break of Dawn kjøpte Grytas Aragorn av oss og det var kjempeflott å sjå han at og vi kjøpte Tsarina v S B of D av dei så mykje ponniar som var nært i slekt med ho der.

Ellers har det no vore det vanlige med ponniar og sauer på rømmen. Kyr på rømmen fleire km unna. Slit, svette, tårer og smerte høyrer med. Og flotte dagar med glede.

Vi har fått malt gamlestova og ordna tunet rundt gamlestova. Og gjerda litt meir rundt om.

Fjøs planer er vi og godt i gang med. Blir fint når alt er på plass ein gong neste år.